leftside1

Mellom røynda og det uverkelege
- ein abstrakt, visuell La bohème –

Av Ida Habbestad

La bohème er ein opera fylt av sterke emosjonar, som kjærleik, sjalusi og venskap. Verket formidlar fattigdom og idealisme, i brå skifte mellom det utsvevande, ubekymra og ein kald og nådelaus røynd. Ikkje minst byd La bohème på livleg og inderleg musikk.

I Anne Grete Eriksen and Leif Hernes sin versjon av forteljinga, er alle dei kjende emosjonane til stades. Musikken vert utspelt med Puccini sitt rike melodiøse omfang intakt. Men dei to koreografane, som til saman utgjer Dansdesign, har ikkje valt noka opplagt løysing i presentasjonen av verket. Dei fortel om ein prosess der draumen og det rørlege har vore utgangspunkt.

– Karakterane i dette stykket er kunstnarar. I staden for å forsøke å framstille dei i omgjevnadene ein normalt forbind med 1800-talets bohemliv, har vi fokusert meir på indre aspekt, på kunstnaren som kreativt menneske, seier Eriksen, og utdjupar:
– For kunstnarar kan mykje finne stad i fantasiens verd. Vi har ynskt å flytte La bohème over i ein slik draumeaktig sfære, der det som skjer i rommet er det som triggar kjenslene. Draumelandskapet vert ein drivar for den emosjonelle handlinga – og etter vårt skjønn kan ikkje dette vere eit naturalistisk rom. Då høver det betre med draumen, der tid og stad ikkje alltid samsvarer.

Me aner at oppsetjinga som Dansdesign har i tanken er abstrakt. Fargar og rørsler vil vera minst like viktige for framdrifta som det poetiske. Mykje av handlinga vil gå føre seg i spelet mellom røynda og det uverkelege. Og langt på veg kan ein seia at operaforma høver godt til ei slik veksling mellom det verkelege og det draumvorne: I ariane stoppar tida opp, og songarane får utbrodera kjensler gjennom musikalske forløp, slik det aldri kunne gått føre seg i kvardagen.

Men det er ikkje slik at ein med abstrakte tillegg nødvendigvis har lagt vekk rammeforteljinga, poengterer Hernes.
– Vi følgjer historia, og ynskjer å understreke emosjonane i den. I så måte er dette ei veldig tradisjonell form for oppsetjing. Vi har til og med forsøkt å gå bakom librettoen, til romanen den er basert på, for å finne grunnkjensla i stoffet; emosjonar som kanskje ikkje vert avspegla i librettoen. Dinest handlar det om å utdjupe, å la dansarane treffe songen og poesien og komme med sine bidrag – utan ord.

Emosjon gjennom rørsle

Bed ein eit par koreografar om å iscenesetje noko, har ein nær automatisk bydd opp til dans. Men La bohème er ikkje ein opera med klare dansenummer, slik ein finn i somme operaer og operettar. Dansarane vert dermed nytta som likeverdige medspelarar i den ordinære handlinga.

Kva vil dansarane tilføre verket?
– Det emosjonelle er sterkt i denne operaen, svarer Eriksen. – Det handlar om par; relasjonen mellom mann og kvinne, sjalusi, forventning – så mange menneskelige emne. Songarane uttrykkjer desse kjenslene gjennom ord og musikk. Vi tenkjer oss at dansarane kan formidle den same emosjonen gjennom rørsla, og soleis utfordre uttrykket. Men kva dei faktisk tilfører – kva dansarane kjem til å bety for denne forståinga av La bohème – er like mykje eit spørsmål for oss som står bak.
Eitt mogleg svar er at det fysiske uttrykket meir enn vanleg vil vere koreografisk tenkt. Eriksen og Hernes er opptekne av å manifestere det fysiske hjå songarane så vel som hjå dansarane, trass i deira heilt ulike føresetnader for rørsle.

– Ingen slepp unna, ler Eriksen, som fortel om eit artig forprosjekt med korsongarane, som har gjeve inntrykk av kva idear som vil vera kunne gjennomførast og ikkje.
Ein slik fysisk heilskap er viktig for koreografane, som er vande med omfattande produksjonar. Dei byrja arbeida i lag alt i 1978, og fann særs tidleg fram til ein multimedial tankegang. Produksjonane deira omfattar nesten i regelen eit stort apparat av kunstnarlege uttrykk – som video, dans, lys, musikk og lyd.
- Det har ikkje vore vanskeleg å ta på alvor at opera er eit allkunstverk, smiler Leif.

Men ein vesentleg skilnad mellom denne og mange andre produksjonar dei har vore engasjerte i, er musikken som fastsett storleik. I partituret til La bohème er det ikkje utan vidare greitt å klippe og lime, kutte og setje saman på nytt.

Korleis opplevast det å gå inn i eit verk på slike premiss?
– Vi har ofte arbeidd med nolevande komponistar som har skrive musikk til produksjonen vår, og endra den ved behov. Slik sett er vi vande til å ha stor fridom, seier Eriksen – Når vi med eitt må arbeide strengt, fylle overgonger som vi kanskje opplever som gjentakande til dømes, vert det heilt sikkert ei utfordring. På den andre sida; når løpet er lagt, og forma på eitt vis er bestemt gjennom musikken, vil det handle meir om å gje seg hen til musikken Det trur eg vil vere nyttig og fint for oss.
– Sjølv finn eg glede i den avgrensinga – eller dei høva – som finst i bestillingsverk der enkelte rammer er lagt så tydeleg som her, seier Hernes.
Han meiner at det å arbeide med ein klassikar i seg sjølv kan tvinge fram ei nyskapande tilnærming.
– Når vi først får i oppdrag å gjere ein opera, er det kanskje vel så spanande å forsøke seg på ein tradisjonsopera som ein moderne. La bohème er mellom dei mest spelte operaer i verda. Då seier det seg sjølv at vi må gjere eit grep – og sjå stykket med våre eigne augo.

Koloritt og temperatur

I første omgang snakkar me om to par augo – men snart vert det fleire som kastar blikk på bohemane. Det store apparatet av verkemiddel fordrar samarbeid; til denne produksjonen kan særleg nemnast videokunstnarane i Epí, Mark Viktov og Lene Juhl, samt Torkel Skjærven som står for lysdesign, Leiko Fuyesa som har ansvar for kostymer og dramaturgen Halldis Hoaas. Dei har tidleg vore med om å finna ein overordna innfallsvinkel for oppsetjinga.
–Mange sjølvstendige kunstnarar er involverte, og alle skal skape sine eigne uttrykk. Derfor arbeider vi i forprosjektet med å tematisere; rolla til den enkelte sekvensen, kva den enkelte scena innbyd til av bildemateriale, seier Hernes. – Med videokunstnarane har vi leita i koloritten, temperaturen og rørslene – og stilt spørsmål: Korleis ser vi føre oss ulike konstellasjonar mellom dans og bilde, korleis kan lyset fungere saman med videoen?

Etter forprosjektet har videokunstnarane gått laus på arbeidet med på lage filmen. Den er klar først ved prøvestart i slutten av september. Då handlar det på nytt om å finne rytmen og fargane, denne gongen med aktørar på scena.
Det siste er ikkje ulikt ein vanleg operaproduksjon. Men som heilskap kan ein kan hende omtale prosessen særs rørleg og i alle fall ikkje repeterande. I kva grad er de opptekne av at operaforma bør fornyast?
– Operakunsten har nok sine avgrensingar, seier Eriksen. – I alle fall kan det opplevast slik når ein samanliknar med teaterverda. Der kan Romeo og Julie, som jo er ein klassikar, setjast opp på nytt og på nytt med store endringar i manus, og med ein dramaturgi som vert utfordra heile tida. Slik er det ikkje i opera. Men eg trur operakunsten er i rørsle, slik dette prosjektet er eitt av fleire døme på. Sjølv trur eg at det er viktig for at forma ikkje skal stivne.
– Eg er samd; seier Hernes. – Kunsten må bevege seg. På ein eller annan måte må den søkje å vere i samtida vår.

Korleis ein er i samtida er eit anna spørsmål. Men medan ein undrar seg i spennet over kva vegar som er fornuftige å gå i opera, kan ein nyte ein kompleks og drøymande La bohème i farge, rytme og rørsler.

HD60612
//